Ølen vidaregåande skule

Ølen vidaregåande skule

Postadresse: Litlehagen,, 5580 Ølen

Besøksadresse: Litlehagen,, 5580 Ølen

Telefon: 53 76 64 00

Kontaktperson: Ingelin Håheim, 53766408, 53766400, ingelin.haheim@skole.rogfk.no

Antall produksjoner: 2

  • Alle

DEN NORSKE SLAVEHANDELEN

Kulturarv, Trinn: VG1-VG3
Me les om slavehandelen og tenkjer at det var slikt dei dreiv med i USA i gamle dagar.Noreg går på mange måtar fri frå denne mørke historia. Danmark-Norge var til og med det første landet i verda som gjorde slaveri forbode, allereie i 1802.At det var nordmenn som deltok, både på skipa, på slaveforta i Afrika og i koloniane på andre sida av havet er kanskje ukjent for mange, men på Afrika sin kyst ligg det konkrete kulturminner som fortel noko anna, og det er dei Dansk-norske slaverforta. Det viser seg at nordmenn var med i alle ledd av slavehandelen. Dei jobba som matrosar og styrmenn, guvernørar og dommarar, og fleire hundre tusen afrikanarar blei frakta over havet med dansk-norske skip. Anders Totland snakkar om denne mørke og lite kjende sida av norsk historie. Tenkjer du at dette høyrer til fortida, og at denne historia ikkje er noko me som nordmenn må forhalda oss til i dag? FN sin arbeidsorganisasjon ILO har rekna ut at det er meir enn 40 millionar menneske i verda i dag som er offer for moderne slaveri.Totland dreg linjene opp til vår tid og utfordrar elevane på om det er noko som vedgår oss i dag.


ROGADANS

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
I Rogadans får elevane oppleva og sjølv vera med på folkedans og folkemusikk frå Rogaland og resten av Noreg. Det heile startar med at fire av dei fremste musikarane og dansarane innan sjangeren gjer ei forrykande danseoppvising på ti minutt.
Etter oppvisinga tar dei elevane med inn i dansen, og dei får læra seg dei grunnleggjande stega i halling, suldalspringar og reinlender.
Sjå vedlegg om fagleg relevans for læreplanen.Rogadans er utvikla i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Rogaland.Folkemusikkarkivet for Rogaland held til på Sand i Suldal og er ei avdeling ved Ryfylkemuseet. Arkivet har opptak av song, spel og dans frå heile Rogaland og tek imot grupper etter avtale.Folkemusikkarkivet arrangerer den årlege kurshelga Folkemusikk- og dansehelg i Suldal kvar haust, med kurs i spel, song og dans for deltakarar i alle aldrar og alle nivå. Arkivet har gitt ut læreverket «Bergteken», eit tobindsverk med vokal- og instrumentalstoff frå heile fylket. https://ryfylkemuseet.no/.
Uttrykksform
Åpne filter