Konsekvensar av koronavirus for DKS-arrangement, oppdatert 23.april 2020
Den kulturelle skulesekken (DKS) i Rogaland fylke følgjer Folkehelseinstituttet og styresmaktene sine råd og pålegg.
Alle DKS-arrangement er avlyst til og med 15.juni 2020.
Måndag 20.april fekk me melding om at Kulturdepartementet og Kulturtanken har bestemt at dei godtek at fylke og kommunar utbetalar honorar for avlyste DKS-oppdrag ut skuleåret. DKS Rogaland vil difor betala honorar for avlyste turnear, også i mai og juni 2020. Det vert ikkje dekka reise- og diettkostnadar for oppdrag som ikkje vert gjennomført.
Me gjer merksam på at Kulturtanken viser tillit til at kommunar og fylkeskommunar fattar rett avgjerd i denne saka. DKS Rogaland skal sjå til at alle DKS-midlane vert nytta til føremålet og oppmodar difor utøvarar og institusjonar som kan søke om å få kompensert heile eller delar av det avlyste oppdraget gjennom andre tiltaksordningar, til å gjere det. Informer DKS Rogaland om du mottek eller kjem til å ta i mot ein slik kompensasjon.
For meir informasjon frå Kulturtanken: https://www.kulturtanken.no/tankebloggen/2020/4/20/godtar-utbetaling-av-honorar-for-avlyste-dks-oppdrag-ut-skoleret
For meir informasjon om kompensasjon for frilansarar: https://www.nav.no/no/person/innhold-til-person-forside/nyttig-a-vite/koronavirus--informasjon-fra-nav/koronavirus-informasjon-til-selvstendig-naeringsdrivende-og-frilansere
For meir informasjon om kompensasjon for sjølvstendig næringsdrivande: https://kompensasjonsordning.no/
For spørsmål om DKS- Rogaland: https://www.skolesekken-rogaland.no/kontakt_oss
For helserelaterte spørsmål: https://www.fhi.no/