Jærmuseet, Vitengarden i Hå
Vitengarden er eit kombinert vitensenter og museum. Her skal ein lære ved å gjera, læringsmetodane er interaktive med eit tverrfagleg perspektiv som integrerer kulturhistorie, naturvitenskap og teknologi.
Vitengarden har eit stort museumsbygg, ein museumsgard og eit uteområde med kulturminne frå mange tidsepokar. Frå togstasjonen på Nærbø er det ca. 20 minutt å gå til Vitengarden.
Pris: Gratis for grunnskulen
Hjemmeside: https://www.jaermuseet.no/vitengarden/skule-barnehage/
E-post: skule.vitengarden@jaermuseet.no
Telefon: 47 77 60 20
Grødalandstunet er kanskje eit av dei finaste og best bevarte gardsanlegga i Rogaland!
Dette var ein typisk sjøgard med flott utsyn mot havet i vest. Grødaland er eit gardsmuseum på "rot". Her finn du husa etter to av gardsbruka på sine opphavlege tufter. Bygningane er frå 17- og 1800-talet..