Strand videregående skole

Strand videregående skole

Postadresse: Ryfylkeveien 1914, 4120 Tau

Besøksadresse: Ryfylkeveien 1914, 4120

Telefon: 51 74 01 00

E-post:reidun.sandvik.hetland@skole.rogfk.no

Kontaktperson: Reidun Sandvik Hetland, 51740117, 95171044, reidun.sandvik.hetland@skole.rogfk.no

Antall produksjoner: 2

  • Alle

DEN SORTE FLOKKEN

Visuell kunst, Trinn: VG1-VG3
Vi snakkar ofte om ungdomsåra. Med glød eller grøss. Kva forma meg? Kven møtte eg og kven gjekk eg frå? Kva høyrde til meg og kva trakk eg meg mot? Opprivande, intense år kan flytta fokus vekk frå framtid og mogelegheiter. Er det lettare å kjenna seg marginalisert i eit tilsynelatande velsmurt miljø? Korleis finn ein flokken sin?

Fotograf Marie von Krogh har følgt ein gjeng ungdommar i Stavanger gjennom fleire år. Det har blitt ein bildeserie og utstilling om tenåringsliv frå ein by som kan synast å by på det meste du kan ønska deg. Gjennom bilde og føredrag lærer elevane om korleis fotografen jobbar for å koma tett på menneska og historiene, korleis den kreative prosessen går føre seg i møte med menneska og deira personlege historie. Von Krogh vil snakka om tema som ungdomsår, stereotypar og identitet, og gi døme på korleis kunsten gjennom historia har tematisert utanforskap.
Skulane får tilbod om å ha utstillinga Den sorte flokken hengjande nokre dagar før fotografen besøker skulen. Utstillinga kan tilpassast rom på skulane.
Alternativ 1: 45 minutt bildevising og føredrag (maks 90 deltakarar).
Alternativ 2: Heildags verkstad. Målet er å få ungdommane til å tenkja over korleis bilde skapar forteljingar om andre personar, kva som definerer identitet og korleis fordommar og stereotypar oppstår. Ungdommane vil bli betre kjende med ein medelev gjennom ein-til-ein-intervju, og skal deretter portrettera medeleven på ein måte som fortel noko om eleven. Von Krogh vil også demonstrera enkle verktøy for betre fotografi, som komposisjon og bruk av naturleg lys (maks 30 deltakarar).

SMED FOR EIN DAG

Kulturarv, Trinn: VG1-VG3
Smed for ein dag er eit undervisnings- og opplevingsopplegg tufta på solide kunnskapar i tradisjonshandverk. Elevane får ei kort innføring i smedfaget, og jobbar parvis ved feltessene etterpå. Dei får erfaring med oppfyring, manuell innblåsing av luft, og i tillegg bruk av ulike typar verkty. I prosessen tileignar dei seg materialkunnskap om smijern. Alle elevane får smi si eiga eldrake.
For hundre år sidan var det smie på dei fleste gardar, og alle bygder hadde smeder. Terje Granås er ein av dei som har tileigna seg kunnskap om handverket, og han vidareformidlar tradisjon og teknikkar frå dei gamle bygdesmedane. Han arbeider som smed på heiltid, og har sveinebrev i faget og over 20 års erfaring. Han har også vore smed-stipendiat i tre år ved Norsk Håndverksinstitutt.

Uttrykksform
Åpne filter