Skeisvang Videregående skole

Skeisvang Videregående skole

Postadresse: Rogalandgata 197, 5518 Haugesund

Besøksadresse: Rogalandgata 197, 5518

Telefon: 52 70 37 10

Kontaktperson: Kjersti Beiermann, 90200723, kjersti.beiermann@skole.rogfk.no

Antall produksjoner: 6

  • Alle

CAUGHT IN THE MIDDLE

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Dette er ei forteljing om identitet og forbindelse mellom urfolk i Skandinavia og Australia. Kulturkløfter og kulturmøte er gjennomgåande tema. Utgangspunktet er folkegrupper på kvar si side av jorda, som begge har opplevd kolonisering og undertrykking.
Framsyninga er inspirert av livserfaringane til den aboriginske skodespelaren Heath Bergersen og dei samiske kunstnarane Elle Sofe Henriksen og Ánne Mággá Wigeli Wigelius.
Framsyninga kombinerer dans, teater og musikk som blir framført live.

DOKUMENTÉR DETTE

Film, Trinn: VG1-VG3
Dokumentarfilm har som oppgåve å informera, underhalda og engasjera publikum. Som dokumentarist kan ein nytta ei rekke visuelle verkemiddel for å få fram eit bodskap.Lene Heimlund Larsen viser klipp frå to ulike dokumentarar som begge handlar om flyktningkrisa. I den prislønte italienske filmen Havet brenner observerer kameraet passivt livet på den vesle øya Lampedusa som fløymer over av desperate flyktningar. I sterk kontrast står den kontroversielle kinesiske aktivisten og samtidskunstnaren Ai Wei Wei sin film Human Flow. Ai Wei Wei deltar aktivt og engasjerer seg i flyktningane.Begge filmane tar føre seg ei aktuell global krise og dei reiser mange spørsmål. Korleis kan verda tillata desse menneskerettsbrota? Kva kan vi som samfunn gjera for å endra situasjonen? Kva skjer med dokumentaristens ønske om å få fram sanninga i eit samfunn som ein kan omtala som post-faktuelt? Kva med «fake news», kva kjelder kan ein stole på? Finst det ei objektiv sanning eller leitar dokumentaristen opp situasjonar som passar inn i eige bilete?

EN MIDTSOMMERNATTSDRØM

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
En midtsommernattsdrøm er ein av William Shakespeare sine komediar som er vist flest gonger. Den er ein symbiose av forviklingskomedie og eit filosofisk skråblikk på den menneskelege natur og fortel historia om bryllupsplanlegginga til Thesevs, hertugen av Athen, som skal gifte seg med Hippolyta, dronninga over amasonekrigarane. Førebuingane til bryllupet endar med forviklingar og kaos.

Saman med fem skodespelarar og regissør Erland Samnøen, har Haugesund teater fått med seg fiolinisten Bjarte Eike og The Alehouse Sessions på denne framsyninga.

På 1600-tallet vart det innført eit forbod mot musikk og teater av Oliver Cromwell. Forbodet førte til at kunstnarane framførte konsertar og skodespel på pubar og hemmelege scenar. The Alehouse Sessions studerer og gjenskaper musikktradisjonane som oppstod i desse miljøa. Dei er inspirerte frå teatera på Shakespeare si tid, der det var ein direkte kommunikasjon mellom sal og scene, mellom historia som vart fortalt og hendingar som fann stad i salen.

MELTING

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Veit du eigentleg kor mange gonger du kan fly til Thailand før jorda går under? Eller kor mykje CO2 det kostar å laga ei teaterforestilling?
MELTING er tre ting på ei gong; føredrag, konsert og teater. MELTING er politisk analyse, musikk framført på vinglas, og ein enorm roterande installasjon som fyller scenen og gir assosiasjonar til verdsrommet. Det handlar både om det store systemet og det vesle mennesket. 
– Kva skjer når isen smelter? Når økonomien smelter?
– Kva skjer når samfunn, velferdsstat, fellesskap, offentleg kunstfinansiering og framtidsutsiktene våre smelter?
MELTING er eit samarbeid mellom Amund Sjølie Sveen, installasjonskunstnar Lawrence Malstaf og musikarane i Slagr.

MOZARTS REKVIEM

Musikk, Trinn: VG1-VG3
– Med ungdom, for ungdom
Heile 240 unge korsongarar og musikkstudentar frå UIS står for vårens vakraste musikalske eventyr i mars 2020. Dei framfører Mozarts Requiem på eit profesjonelt nivå, og med ei medrivande ungdommeleg tilnærming. Elevar ved musikklinjene ved Stavanger Katedralskole, Skeisvang og Vågen vgs utgjer det store koret.
Dette er det tredje prosjektet under parolen “Klassisk musikk – med ungdom, for ungdom” etter minneverdige framføringar av Mozarts Requiem i 2016 og Orffs Carmina Burana i 2018. Visjonen er å gjera den klassiske musikktradisjonen levande for ungdom ved å la unge utøvarar opptre for eit ungt publikum i Stavanger Konserthus.
Når unge menneske som jobbar med musikk kvar dag møtast for å framføra eit så engasjerande verk, oppstår ein heilt unik energi som gjer dette til ei sjeldan konsertoppleving!
I starten av konserten vil musikarane og korsongarane gje ein musikalsk presentasjon av verket.

ROGADANS

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3

DKS-Rogaland har i samarbeid med Folkemusikkarkivet i Sand, og spesialist på tradisjonsdansar i Rogaland, Vegar Vårdal, vidareutvikla danseverkstaden frå i fjor, og spissa den for vidaregåande skular i fylket.                                                              Elevane får fyrst eit fantastisk danseshow på 10 minuttar, kor ensemblet presenterer den flotte dansen frå Rogaland og Noreg. Danseverkstaden varar i 90 minuttar og elevane lærar dei grunnleggjande dansane, halling, Suldalspringar og reinlender. 
Gled dykk til ei forrykande oppleving! Folkemusikkarkivet for Rogaland held til på Sand i Suldal og er ei avdeling ved Ryfylkemuseet. Arkivet har opptak av song, spel og dans frå heile Rogaland og tek imot grupper etter avtale.Folkemusikkarkivet arrangerer den årlege kurshelga Folkemusikk- og dansehelg i Suldal kvar haust, med kurs i spel, song og dans for deltakarar i alle aldrar og alle nivå. Arkivet har gitt ut læreverket «Bergteken», eit tobindsverk med vokal- og instrumentalstoff frå heile fylket. https://ryfylkemuseet.no/    
Uttrykksform
Åpne filter