St.Olav videregående skole

St.Olav videregående skole

Postadresse: ,

Besøksadresse: Jens Zetlitzg. 33, 4008 Stavanger

Telefon: 51849900, mob kk 90 20 24 89

Kontaktperson: Bente Østevik Ivarson, 91663729, bente.ostevik.ivarson@skole.rogfk.no

Antall produksjoner: 4

  • Alle

BADBOY: STEROID

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Kor langt er du villig til å gå for å få ein perfekt kropp?Sjølveksponering og kroppspress kan få sjølv den sterkaste til å gje etter for lettvinte løysingar. Annette Münchs Brageprisvinnande bok Badboy: steroid baserer seg på samtalar med unge brukarar av anabole steroid.Badboy: steroid blir her presentert som ein multimedieproduksjon med spesialskriven hiphop-musikk av Erik og Kriss, filmintervju, fotokunst, lyddesign og høgtlesing av forfattaren sjølv. Elevane vert utforda til refleksjon rundt tema som doping, eteforstyrring og kroppspress.
Badboy: steroid er ein spenningsroman om 17 år gamle Casper. Han mister alt. Først luksustilværet hjå mora sin sambuar og deretter drøymedama. Lillebroren hamnar i bråk og mora sin nye kjærast invaderer kvardagen. Så dukkar Liam opp med middelet som Casper treng for å gjenvinna respekt og kontroll over eige liv. Han bestemmer seg for å bli ein «badboy».
Elevane får lasta ned ein gratis versjon av halve boka rett på mobilen og det er sett av tid til spørsmål og svar. Ein kjem inn på kor elevane kan få hjelp og svar på spørsmål knytt til kroppspress, eteforstyrringar og doping.

DIN SEKSUALITET - EN PRIVATSAK?

Kulturarv, Trinn: VG1-VG3
Ei reise i seksualtitetens kulturhistorie
Eit engasjerande, visuelt og interaktivt foredrag der dagens syn på seksualitet vert spegla i eit kulturhistorisk perspektiv. Formidlinga har stor vekt på det visuelle uttrykket og elevane vert involverte i formidlinga ved bruk av Kahoot og spørsmål undervegs.
Seksualiteten er ei brusande kraft som sparkar i gang kreativitet, initiativ og skapartrong. Likevel er den frykta, tabubelagt og skamleg. «Vi opplever seksualitet som
noe privat og personlig ingen andre har noe med.
Men i virkeligheten er det også et offentlig anliggende»
seier lærar, kurs- og foredragshaldar Kjersti Helgeland.
Korleis vi snakkar om seksualitet, om seksuelle skjellsord
og seksuell trakassering, kva har det å seie? Gjennom eksempel fra ulike kulturar og tider formidlar ho innsikt i korleis våre personlege haldningar og seksuelle åtferd vert påverka av ulike strukturar i samfunnet vårt – eller er det kanskje omvendt..?
Ein kan knyta formidlinga til læremål i ulike fag som t.d. historie, samfunnsfag, psykologi, medie- og helsefag.
Produksjonen er utvikla i samarbeid med DKS Akershus.

MOZARTS REKVIEM

Musikk, Trinn: VG1-VG3
– Med ungdom, for ungdom
Heile 240 unge korsongarar og musikkstudentar frå UIS står for vårens vakraste musikalske eventyr i mars 2020. Dei framfører Mozarts Requiem på eit profesjonelt nivå, og med ei medrivande ungdommeleg tilnærming. Elevar ved musikklinjene ved Stavanger Katedralskole, Skeisvang og Vågen vgs utgjer det store koret.
Dette er det tredje prosjektet under parolen “Klassisk musikk – med ungdom, for ungdom” etter minneverdige framføringar av Mozarts Requiem i 2016 og Orffs Carmina Burana i 2018. Visjonen er å gjera den klassiske musikktradisjonen levande for ungdom ved å la unge utøvarar opptre for eit ungt publikum i Stavanger Konserthus.
Når unge menneske som jobbar med musikk kvar dag møtast for å framføra eit så engasjerande verk, oppstår ein heilt unik energi som gjer dette til ei sjeldan konsertoppleving!
I starten av konserten vil musikarane og korsongarane gje ein musikalsk presentasjon av verket.

SKAMLØS

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Korleis finn du deg sjølv når andre fortel deg kven du skal vere?

Nancy Herz, Sofia Nesrine Srour og Amina Bile har samla inn
historier frå jenter som har opplevd negativ sosial kontroll. I boka
Skamløs diskuterer dei korleis det er å bli konstant korrigert og
skambelagt, og deler eigne erfaringar på vegen mot fridom.
Og i tillegg sine beste hijab hacks.

Herz, Srour og Bile starta rørsla som i media blir kalla
“Dei skamlause jentene”, og som for alvor sette negativ sosial
kontroll på dagsorden. Dei har mellom anna motteke Fritt Ords
Honnør i 2017 for arbeidet sitt. Skamløs stormar inn i vår tids store
kulturkonflikt, væpna med faktakunnskap, openheit og med ein god
porsjon humor. Gjennomgåande i boka er gode råd til ærbare jenter,
som til dømes: «Tenk på deg sjølv som ein Twist. Du er ikkje verdt
noko utan papiret på.»
​​​​​​​
Nancy Herz, Sofia Nesrine Srour og Amina Bile kjem til skulen og vil
ta opp ulike tema med utgangspunkt i sosial kontroll.
Elevane vert inviterte til å koma med eigne utsegn om sosial kontroll
i forkant av besøket.
Uttrykksform
Åpne filter