St. Svithun videregående skole

St. Svithun videregående skole

Postadresse:

Besøksadresse: Ytre Eiganesveien 30, 4022 Stavanger

Telefon: 51597300

Kontaktperson: Anne Katrine Higdem, 40885229, anne-katrine.higdem@skole.rogfk.no

Antall produksjoner: 3

  • Alle

CAUGHT IN THE MIDDLE

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Dette er ei forteljing om identitet og forbindelse mellom urfolk i Skandinavia og Australia. Kulturkløfter og kulturmøte er gjennomgåande tema. Utgangspunktet er folkegrupper på kvar si side av jorda, som begge har opplevd kolonisering og undertrykking.
Framsyninga er inspirert av livserfaringane til den aboriginske skodespelaren Heath Bergersen og dei samiske kunstnarane Elle Sofe Henriksen og Ánne Mággá Wigeli Wigelius.
Framsyninga kombinerer dans, teater og musikk som blir framført live.

DEN SORTE FLOKKEN

Visuell kunst, Trinn: VG1-VG3
Vi snakkar ofte om ungdomsåra. Med glød eller grøss. Kva forma meg? Kven møtte eg og kven gjekk eg frå? Kva høyrde til meg og kva trakk eg meg mot? Opprivande, intense år kan flytta fokus vekk frå framtid og mogelegheiter. Er det lettare å kjenna seg marginalisert i eit tilsynelatande velsmurt miljø? Korleis finn ein flokken sin?

Fotograf Marie von Krogh har følgt ein gjeng ungdommar i Stavanger gjennom fleire år. Det har blitt ein bildeserie og utstilling om tenåringsliv frå ein by som kan synast å by på det meste du kan ønska deg. Gjennom bilde og føredrag lærer elevane om korleis fotografen jobbar for å koma tett på menneska og historiene, korleis den kreative prosessen går føre seg i møte med menneska og deira personlege historie. Von Krogh vil snakka om tema som ungdomsår, stereotypar og identitet, og gi døme på korleis kunsten gjennom historia har tematisert utanforskap.
Skulane får tilbod om å ha utstillinga Den sorte flokken hengjande nokre dagar før fotografen besøker skulen. Utstillinga kan tilpassast rom på skulane.
Alternativ 1: 45 minutt bildevising og føredrag (maks 90 deltakarar).
Alternativ 2: Heildags verkstad. Målet er å få ungdommane til å tenkja over korleis bilde skapar forteljingar om andre personar, kva som definerer identitet og korleis fordommar og stereotypar oppstår. Ungdommane vil bli betre kjende med ein medelev gjennom ein-til-ein-intervju, og skal deretter portrettera medeleven på ein måte som fortel noko om eleven. Von Krogh vil også demonstrera enkle verktøy for betre fotografi, som komposisjon og bruk av naturleg lys (maks 30 deltakarar).

LARS HERTERVIG OG AUGUST CAPPELEN - romantikken i bildekunsten

Visuell kunst, Trinn: VG1-VG3
Stavanger kunstmuseum husar i vinter ei utstilling med verk av Lars Hertervig (1830–1902) og August Cappelen
(1827–1852). Me nyttar høvet til å invitera elevar til eit museumsbesøk med fokus på romantikken.
Hertervig og Cappelen var begge elevar ved Düsseldorfskulen på omlag same tida og er to av dei framste representantane innafor det romantiske landskapsmåleriet i Noreg. Medan Hertervig er mest kjend for sine naturskildringar frå Tysvær, Ryfylke og kysten langs Rogaland, skildrar Cappelen i hovudsak ulike landskapsparti frå nedre Telemark. Me kan oppleva melankoli, besjeling av ulike naturelement og det forgjengelege i naturen hjå begge kunstnarane.Kva var utgangspunktet for romantikken som periode? Korleis kan me lesa Hertervig og Cappelens landskapsskildringar som eksempel på romantikken? Kan me sjå romantiske tendensar i samtidskunsten?
Me søker å svara på spørsmåla over med føredrag, besøk av utstillinga, samtale og ei praktisk oppgåve.
Uttrykksform
Åpne filter