Buggeland

Buggeland

Postadresse: Buggelandsskogen 5, 4324 Sandnes

Besøksadresse: Buggelandsskogen 5, 4324

Telefon: 51 33 65 10

Kontaktperson: Randi Bjørgan, 51336514, randi.bjorgan@sandnes.kommune.no

Antall produksjoner: 2

  • Alle

Gikk Moe på do tro?

Litteratur, Trinn: 1-4
Gikk Moe på do tro? er ei formidling om Jørgen Moe og eventyra han samla inn. Her får elevane ei annleis oppleving i klasserommet.
Aimi tek elevane med til Moe gard og vil med munnleg forteljarkunst og musikk blåsa støv av bøkene og liv i eventyra.Saman fabulerer dei om tida Moe levde i, om garden han budde på, og korleis eventyra har reist frå munn til øyrer til munn, - kanskje byrja dei på do? Mindre kjent er det at Jørgen Moe samla gåter, dyrenamn, leiker og ikkje minst folkemusikk. Ingvild Græsvold fortel om Fanitullen og speler så det rykkjer i dansefoten. Nokre av elevane får prøva seg på å dansa Gangar medan dei andre held takta. Så får elevane prøve seg på eit skikkeleg Hallingkast. I tillegg til å improvisere fram lydar og klangar på fela som passar til eventyra, speler Ingvild både bruremarsj, musikk av J.S. Bach, Tom Waits, Robert Schumann og Johannes Brahms.

Tres Musicos

Musikk, Trinn: 1-7
I 1492 oppdaga og erobra Columbus Cuba. Spanske oppdagelsesreisande nytta Cuba som base for å reise enda lenger vest, og i 1519 sette Hernán Cortés og mannskapet hans foten på meksikansk jord. I fleire århundre styrte spanjolane store delar av Latin Amerika, og eit føydalt system og misjonsverksemd tvang urbefolkninga til å tjene sine nye, og stundom brutale herrar. Spanske sjømenn og misjonærar la stor vekt på å gje urbefolkninga opplæring i europeisk musikk; kyrkjemusikk og verdsleg musikk. Så det er ikkje til å undrast over at båe cubansk og meksikansk musikk har røter i spanske musikktradisjonar.Då Alejandro og Hades kom til Noreg, hadde dei med seg musikk frå sine heimland i bagasjen. Etter studier i Sevilla hadde Ole André med seg kunnskap om spansk flamencomusikk attende til Noreg. Fascinasjon over verdsmusikk har ført desse tre musikarane saman, og dei presenterer melodiar som er typiske for nettopp Cuba, Mexico og Spania, - på tradisjonelle instrument.
Uttrykksform
Åpne filter