Kopervik videregående skole

Kopervik videregående skole

Postadresse: Eide, 4250 Kopervik

Besøksadresse: Austre Karmøyveg 21, 4250 Kopervik

Telefon: 52 81 41 00

Kontaktperson: Håvard Tjøstheim, 99442148, havard.tjostheim@skole.rogfk.no

Antall produksjoner: 3

  • Alle

BADBOY: STEROID

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Kor langt er du villig til å gå for å få ein perfekt kropp?Sjølveksponering og kroppspress kan få sjølv den sterkaste til å gje etter for lettvinte løysingar. Annette Münchs Brageprisvinnande bok Badboy: steroid baserer seg på samtalar med unge brukarar av anabole steroid.Badboy: steroid blir her presentert som ein multimedieproduksjon med spesialskriven hiphop-musikk av Erik og Kriss, filmintervju, fotokunst, lyddesign og høgtlesing av forfattaren sjølv. Elevane vert utforda til refleksjon rundt tema som doping, eteforstyrring og kroppspress.
Badboy: steroid er ein spenningsroman om 17 år gamle Casper. Han mister alt. Først luksustilværet hjå mora sin sambuar og deretter drøymedama. Lillebroren hamnar i bråk og mora sin nye kjærast invaderer kvardagen. Så dukkar Liam opp med middelet som Casper treng for å gjenvinna respekt og kontroll over eige liv. Han bestemmer seg for å bli ein «badboy».
Elevane får lasta ned ein gratis versjon av halve boka rett på mobilen og det er sett av tid til spørsmål og svar. Ein kjem inn på kor elevane kan få hjelp og svar på spørsmål knytt til kroppspress, eteforstyrringar og doping.

EN MIDTSOMMERNATTSDRØM

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
En midtsommernattsdrøm er ein av William Shakespeare sine komediar som er vist flest gonger. Den er ein symbiose av forviklingskomedie og eit filosofisk skråblikk på den menneskelege natur og fortel historia om bryllupsplanlegginga til Thesevs, hertugen av Athen, som skal gifte seg med Hippolyta, dronninga over amasonekrigarane. Førebuingane til bryllupet endar med forviklingar og kaos.

Saman med fem skodespelarar og regissør Erland Samnøen, har Haugesund teater fått med seg fiolinisten Bjarte Eike og The Alehouse Sessions på denne framsyninga.

På 1600-tallet vart det innført eit forbod mot musikk og teater av Oliver Cromwell. Forbodet førte til at kunstnarane framførte konsertar og skodespel på pubar og hemmelege scenar. The Alehouse Sessions studerer og gjenskaper musikktradisjonane som oppstod i desse miljøa. Dei er inspirerte frå teatera på Shakespeare si tid, der det var ein direkte kommunikasjon mellom sal og scene, mellom historia som vart fortalt og hendingar som fann stad i salen.

ROGADANS

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3

DKS-Rogaland har i samarbeid med Folkemusikkarkivet i Sand, og spesialist på tradisjonsdansar i Rogaland, Vegar Vårdal, vidareutvikla danseverkstaden frå i fjor, og spissa den for vidaregåande skular i fylket.                                                              Elevane får fyrst eit fantastisk danseshow på 10 minuttar, kor ensemblet presenterer den flotte dansen frå Rogaland og Noreg. Danseverkstaden varar i 90 minuttar og elevane lærar dei grunnleggjande dansane, halling, Suldalspringar og reinlender. 
Gled dykk til ei forrykande oppleving! Folkemusikkarkivet for Rogaland held til på Sand i Suldal og er ei avdeling ved Ryfylkemuseet. Arkivet har opptak av song, spel og dans frå heile Rogaland og tek imot grupper etter avtale.Folkemusikkarkivet arrangerer den årlege kurshelga Folkemusikk- og dansehelg i Suldal kvar haust, med kurs i spel, song og dans for deltakarar i alle aldrar og alle nivå. Arkivet har gitt ut læreverket «Bergteken», eit tobindsverk med vokal- og instrumentalstoff frå heile fylket. https://ryfylkemuseet.no/    
Uttrykksform
Åpne filter