Tilbake
Haugalandmuseene

Dei reisande

Romanifolket har vore ein del av det norske folket sidan 1500-talet. I ei tid utan internett, radio og TV bar dei med seg både folkemusikk og nye impulsar frå kontinentet, og mange av dei største spelemennene i norsk folkemusikk har vore av romanifolket, eller dei reisande som dei og vert kalla. På same tid vart romanifolket òg utsett for undertrykking og overgrep frå storsamfunnet.

I samarbeid med Haugalandmuseene presenterer DKS Rogaland noko av den lokale historia og kulturen deira.

Heile ungdomstreinnet vil få ein konsert med songar frå det norske romanifolkets rike musikktradisjon.

Eitt av klassetrinna vil få eit utvida tilbod som går på kompetansemålet i samfunnsfag om å "gjere greie for fornorsking av samane og dei nasjonale minoritetane og uretten dei har vore utsette for, og reflektere over kva konsekvensar det har hatt og har på individ- og samfunnsnivå." Skulen vel ut det klassetrinnet som jobbar med dette kompetansemålet. Elisabeth Ringdal Nilsen, som sjølv er representant for romanifolket i Rogaland, vil gje elevane eit innblikk i levemåten til dei båtreisande her i distriktet. Mange av dei reisande livnærte seg som dyktige handverkarar, og elevane får prøva seg på romanifolkets handverkstradisjonar i lag med formidlaren . Denne økta er på om lag to skuletimar.

Lærerveiledning

Last ned:

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Produsent: Egil Ovesen og Elin Hetland
  • I samarbeid med: Foreningen GIA
  • Idé/opplegg: Den kulturelle skulesekken i Rogaland i samarbeid med Haugalandmuseene

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer