Tilbake

Bronsealderen

Bronsealdaren er ei nyutvikla formidling om bronsealdaren, ei tid som er rekna som ein fredeleg og kulturelt rik periode.

Me har ikkje skriftlege kjelder frå denne tida, men det er likevel spor etter dei, og fleire av desse spora finn me i Rogaland.

Produksjonen er utvikla av DKS Rogaland i samarbeid med forteljaren Marianne Sundal. Formidlinga er kome til ved å involvera barn direkte i utviklinga av denne. Dei vart invitert til å koma med sine innspel til historia som vert formidla, samstundes som det er kvalitetssikra historisk frå arkeologisk hald. 

På denne måten håpar me å få ein levande og engasjerande forestilling, der ungane kan både læra om bronsealderen og gjenkjenna ting frå eigne liv.

Produksjonen er ennå under utvikling og det vil koma meir informasjon her etterkvart.


Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer