Tilbake

Å fange følelser, tilbake til det analoge fotografiet

Her blir elevane blir presentert for ulike fotografi der dei ser på symbolbruk som t.d. fargar og objekt. Vidare har me ein samtale der me diskuterer kva det er i eit bilete som rører ved ein og korleis ein kan uttrykke noko ein brenn for visuelt.

 Me kjem til å drøfta kva eit fotografi er og prøva å bevisstgjera korleis vi fangar personlege minner og kjensler i et fotografi - eller på Instagram. 

Elevane får sjølv laga eit fotografi med eit pinhole kamera. Elevane lagar eit stilleben, basert på kva dei ønskjer å formidla visuelt. Prosessen vil vere analog, og dei vil få fremkalla foto i eit mørkerom. 

Me avsluttar med ein samtale der me tolker kvarandre sine arbeider. Elevane får behalda fotografiet dei har tatt. 



Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Idé/opplegg: Arja Wiik-Hansen

Om kunstner / utøver / gruppe

Arja Wiik-Hansen

Publikumskommentarer