Tilbake
Marius Knutsen
Stig Nygaard, Wiki Commons

DEN NORSKE SLAVEHANDELEN

Me les om slavehandelen og tenkjer at det var slikt dei dreiv med i USA i gamle dagar.

Noreg går på mange måtar fri frå denne mørke historia. Danmark-Norge var til og med det første landet i verda som gjorde slaveri forbode, allereie i 1802.

At det var nordmenn som deltok, både på skipa, på slaveforta i Afrika og i koloniane på andre sida av havet er kanskje ukjent for mange, men på Afrika sin kyst ligg det konkrete kulturminner som fortel noko anna, og det er dei Dansk-norske slaverforta. 

Det viser seg at nordmenn var med i alle ledd av slavehandelen. Dei jobba som matrosar og styrmenn, guvernørar og dommarar, og fleire hundre tusen afrikanarar blei frakta over havet med dansk-norske skip. 

Anders Totland snakkar om denne mørke og lite kjende sida av norsk historie. Tenkjer du at dette høyrer til fortida, og at denne historia ikkje er noko me som nordmenn må forhalda oss til i dag? FN sin arbeidsorganisasjon ILO har rekna ut at det er meir enn 40 millionar menneske i verda i dag som er offer for moderne slaveri.

Totland dreg linjene opp til vår tid og utfordrar elevane på om det er noko som vedgår oss i dag.




Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Produsent: Elin Hetland
  • Idé/opplegg: Anders Totland

Om kunstner / utøver / gruppe

Anders Totland (1986) er ein norsk forfattar og journalist. Totland er oppvaksen på Bremnes i Bømlo kommune og på Husnes i Kvinnherad. Han er svært allsidig og har bakgrunn både som kokk, samfunnsvitar, journalist, bloggar og forfattar.

Totland skreiv i 2018 ei sakprosabok for barn og unge, Den norske slavehandelen. Denne vart utgangspunktet for å laga ein produksjon med dette som tema. Han har vore ute på turne i DKS i fleire fylker med bøkene sine.

Publikumskommentarer