rogaland

Aktuelt

Kulturtanken - Den kulturelle skulesekken Noreg

Den kulturelle skulesekken er i endring. Kulturtanken, tidlegare Rikskonsertane, fekk i 2016 det nasjonale ansvaret for ordninga. Frå årsskiftet 2016/2017 er fleire planar under utvikling. Av dei mest konkrete er at skulekonsertordninga vert avvikla. For Rogaland vil det skje frå og med skuleåret 2018/2019. Det er også signalisert ar det vert stilt krav om eigenfinansiering frå kommunar og fylke. Meir om endringar vil koma på www.kulturtanken.no.


Produksjonsmidlar til scenekunst for barn og unge

Produksjonsmidlar til scenekunst for barn og unge

Norsk scenekunstbruk deler ut midlar til produksjon og tilrettelegging av sceneproduksjonar for barn og unge. Det er ein føresetnad at produksjonane kan sendast på turné. Søknadsfristen er 31. mars kl. 13.00. 

Elevane i Strand fekk laga sine eigne draumehus

Elevane i Strand fekk laga sine eigne draumehus

Ved hjelp av ein japansk brennemetode - Raku - har elevane på 6. og 7. trinn i Strand kommune laga draumehus i keramikk. Det er dei to kunstnarane Guri Hovland og Kristine Næss som står bak og har gjennomført opplegget.
 

God rekruttering av elevarrangørar i nordfylket

God rekruttering av elevarrangørar i nordfylket

Om lag nitti elevar frå dei fire kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær og Vindafjord deltok i eit velregissert seminar for elevarrangørar rett før haustferien. I løpet av ein dag kunne dei læra om lyd/lys, å vera konferansier, journalistikk, foto, secenografi og rap. Her er dei uteksaminerte elevarrangørane i dei nye t-skjortene sine. Utøvarar: Gled dykk!   

Sterkt møte med dronepiloten

Sjå video frå møtet mellom Brandon Bryant og elevar i Rogaland.  

Katalogen for skuleåret 2016/2017

Katalogen for skuleåret 2016/2017

Katalogen inneheld omtale av alle produksjonane for barnehage, grunnskule og vidaregåande skule.

God lesing!

Vel møtt til musikk, dans, film og mykje meir skuleåret 2016/2017

Vel møtt til musikk, dans, film og mykje meir skuleåret 2016/2017

Programmet for din skule finn du øvst til venstre på denne sida. Allereie 29. august er det kommunane Sauda, Forsand, Time og Haugesund som får smaka årets program. Her er Kenneth Ekornes i godt driv - Lillesund skule i Haugesund står øvst på lista. 

 

200 ungdomar klare til fylkesmønstring i Sandnes

200 ungdomar klare til fylkesmønstring i Sandnes

Fredag 15. april er årets UKM fylkesmønstring i gang på Vågen vidaregåande skule i Sandnes. Heile helga går med til øvingar, framsyningar, utstillingar og ulike kunstverkstader. Heilt nytt er at nokre av ungdomane skal smykka ut ein vegg i Sandnes sentrum med gatekunst, nokre skal laga lydspor ved hjelp av gamle radioar og elektriske leiketøy, medan ei siste gruppe skal filma det heile. Helga startar sterkt med rockebandet Slutface, som har ein eksklusiv konsert for deltakarane fredag kveld.  

Progammet for vidaregåande skular 2016/2017 er klart

Progammet for vidaregåande skular 2016/2017 er klart

Årets kulturmeny for dei vidaregåande skulane inneheld 13 produksjonar innan musikk, scene, litteratur, film, visuell kunst og kulturarv. Frist for påmelding er 10. mai.

"Skakke sanger" nominert til årets Spellemannpris

"Skakke sanger" nominert til årets Spellemannpris

Skulekonserten Skakke sanger, som har turnert skulane i Rogaland i fleire år, er nominert til årets Spellemannpris i klassa for barnemusikk. Vi gratulerer Britt-Synnøve Johansen, Johan Egdetveit og John Lilja! Utdelinga vert vist direkte på fjernsyn laurdag 30. januar. Og elevane i Ryfylke kan gle seg ekstra, for giss kven som kjem til skulen i perioden 7. - 29. april: Skakke sanger! Og det er Årdal skule i Hjelmeland som er først ut. Ta godt i mot dei.

Forslag til formidling i DKS/Skulekonsertar

Frist for forslag er kvart år 1. november. Svar vert sendt ut seinast 15. februar året etter. Nærmare informasjon om søknadsprosessen vert lagt ut 1. september.

2350 rogalandselevar som gatekunstnarar

2350 rogalandselevar som gatekunstnarar

Produksjonen Reflect, Create, Engage har i haust formidla gatekunst til 2350 elevar i ungdoms- og vidaregåande skular. Ungdomsskulane i Ryfylke har fått læra om opphavet til gatekunsten og sjølv laga eigne kunstverk. Elevane i vidaregåande skule har vore inne i Stavanger og sett kva andre kunstnarar har fått til i ølhallane på Tou scene og ute i gatene før dei sjølv gjekk laus med maling. Det er Nuart som har hatt ide og opplegg og som har formidla til skulane.  

Flamenco à la Strand videregående skole

Flamenco à la Strand videregående skole

Egentlig heter forestilligen Flamenco à la Noruega, men her er det elevene ved Strand videregående skole som trør til under premieren 31. august. Turneen skal besøke seks videregående skoler i Rogaland i dagene som kommer.

Rikskonsertane som ny nasjonal eining for Den kulturelle skulesekken

Rikskonsertane som ny nasjonal eining for Den kulturelle skulesekken

På ein pressekonferanse 19. august informerte dei to departementa Kultur og Kunnskap om at ei ny nasjonal eining for koordinering av verksmda i DKS er etablert. Det vil seia at det ikkje lenger er Norsk kulturråd som skal vera sekretariat for DKS, men noverande RIkskonsertane. Det vil igjen seia at Rikskonsertane får eit nytt mandat, slik at alle kunstartane vert ivaretekne, og at dei kan henda får eit nytt namn. Omstillinga skal skje i 2016. Samstundes vart DKS styrka med 12 millionar på årets budsjett. Kulturminister Thorhild Widvey og statssekretær Birgitte Jordahl i KD sentralt i biletet.

17 millionar til Rogaland DKS

17 millionar til Rogaland DKS

Kulturdepartementet har fordelt spelemidlane for skuleåret 2016/2017. Rogaland sin del vart 17 253 428 kroner til grunn- og vidaregåande skule. Her kan de lesa fordelingsbrevet som også inneheld viktige føringar for perioden - og litt om kva pengane skal gå til.

Programmet for skuleåret 2015/2016 er klart

Programmet for skuleåret 2015/2016 er klart

Turneprogrammet frå DKS og Rikskonsertane er klart. Finn skulen din i fana øvst til venstre og sjå kva som kjem. Svein Tang Wa, Elin Furubotn og Gunnar Roalkvam er først ute hausten 2015 med Kvardagen er ikkje så verst til St. Svithun vidaregåande skule.

Tysvær kino kåra til Årets skulekino med DKS-produksjon

Tysvær kino kåra til Årets skulekino med DKS-produksjon

DKS-produksjonen Den store skulekinodagen er eit samarbeid mellom Tysvær kino, Tysværskreppa (DKS i Tysvær) og barneskulane i Tysvær. Dette året var det 6. trinn ved Frakkagjerd barneskule som var medarrangør, og elevmedverking og samarbeid var juryens grunngjeving. Vi gratulerer Tysvær kino, DKS og Frakkagjerd skule! Kinosjef Øystein Simonsen tek imot prisen frå Film & Kino.

Ekspertgruppa for kunst og kultur i opplæringen har gitt sine råd til regjeringen

Ekspertgruppa for kunst og kultur i opplæringen har gitt sine råd til regjeringen

Torsdag 24. april fikk de to ministrene, Torbjørn Røe Isaksen og Thorhild Widvey, overlevert rådene, formulert i rapporten "Det muliges kunst" fra ekspertgruppa. Rådene er samlet i ti hovedpunkt. Disse handler i stor grad om kompetanseutvikling og -krav, om koordinering og kvalitet, om styring og samarbeid og kanskje mest konkret: Bedre forankring av DKS i både utdannings- og kultursektoren. Gruppa har foreslått å legge ned Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen i Bodø og opprette et nytt senter i Oslo, der DKS-sekretariatet skal få plass. Senteret skal styres av Kultur- og Kunnskapsdeparmenetet i samarbeid. Begge ministrene var opptatt av det gode samarbeidet og den kulturelle grunnmuren i lokalmiljøet. De ville lese rapporten og vurdere innholdet i samarbeid med "oss her ute".  

Hvordan opplever elevene møtet med Den kulturelle skolesekken?

Rapporten Den + kulturelle + skolesekken + 2013 som ble lagt fram i juni 2013 av Uni Rokkanseteret og HiB, anbefalte å se nærmere på hvordan elevene opplever møtet med DKS. Oppdraget ble gitt til Creativity, Culture and Education (CCE) - og her er resultatet.

Eventyrleg aktivitet i Haugesund Billedgalleri

Eventyrleg aktivitet i Haugesund Billedgalleri

Eventyr engasjerer tydeleg også elevar i vidaregåande skule.Haugesund Billedgalleri inviterte til omvisning i utstillinga Eventyrlig - gamle fortellinger i ny drakt med illustrasjonar av mellom andre Finn Graff, Harald Nordberg og Annine Qvale. Tydeleg inspirerte av det rike universet til Asbjønsen og Moes folkeeventyr boltra elevane seg med akvarellpapir og maling i verkstaden etterpå.  

DKS for første gong i fengsel

Som del av satsinga i vidaregåande skule, har dei innsette ved Åna kretsfengsel fått besøk frå DKS. Det var insette elevar ved Time vidaregåande skule, avdeling Åna, som fekk vera med Terje Torkildsen og Fredrik Brimsø og snakka om språk. Det viste seg å vera ei særs positiv oppleving både frå deltakar- og utøvararsida.   

Mastergrad i estetiske fag og læreprosessar

Mastergrad i estetiske fag og læreprosessar

Høgskolen Stord /Haugesund tilbyr mastergrad i estetiske fag og læreprosessar for lærarar, produsentar og kunstnarar. Studiet er bygt opp med ein fellesdel i estetiske fag samt fagprofilar i norsk, kunst og handverk og musikk. 

Suksess for Arne Garborg på Jåttå vidaregåande skule

Suksess for Arne Garborg på Jåttå vidaregåande skule

Dei 105 påmelde elevane på Jåttå vidaregåande skule fekk plutseleg selskap av 700 medelevar då rapparen Atlars, musikaren Roar Skjelbred og Ørjan Johansen frå Garborgsenteret kom til skulen 13. september. Og stemninga i salen kunne ingen klaga på!

Glade RISS på grafikkverksted

Glade RISS på grafikkverksted

RISS - grafikkveksted har hatt besøk av elever fra skolene i Randaberg. Elevene har jobbet iherdig med pleksiglass, koldnåler, sverte, presser og papir, mens billedkunstnerne Solveig Landa og Anita Tjemsland har veiledet og inspirert. Resultatene er til å bli glad av: Originale trykk med særpreg og personlighet! Utover høsten og våren skal flere elever fra Randaberg, Kvitsøy og Rennesøy få delta.

Strategiplan for DKS Rogaland

Ny strategiplan for DKS Rogaland 2013 - 2016 vart vedteke i Fylkesutvalet 15. oktober. 

Bok om Den kulturelle skulesekken

Bok om Den kulturelle skulesekken

Kan eit treårig forskingsprosjekt gje svar på kva DKS har å seia for kunstnarar, elevar, lærarar og forvaltarar? Og korleis er det eigentleg skulane, kommunane og fylkeskommunane jobbar med DKS? No er boka Den kulturelle skolesekken kome ut, utarbeidd av Uni Rokkansenteret og Høgskolen i Bergen. Les ho sjølv!

Hva sier Kulturutredningen om Den kulturelle skolesekken?

Hva sier Kulturutredningen om Den kulturelle skolesekken?

Kulturutredningen 2014 ble lagt fram for Kulturdepartementet i mars i år. DKS blir nevnt i flere sammenhenger, men blant det som er trukket fram, er behovet for elevmedvirkning, at elevene i større gad skal høres og involveres i planleggingen. Likeledes er det satt fokus på DKS sitt forhold til barn med spesielle behov. 

Korleis møter vi barn og unge?

Korleis møter vi barn og unge?

Treng du tips til metodar for å få å fram barn og unges meining? Barneombodet har utarbeidd ei eksperthandbok til hjelp. Heile heftet finn du her.  

Elevar som arrangørar

Rogaland fylkeskommune tilbyr kommunar samarbeid om kurset "Elevar som arrangørar". Kurset er utarbeidd av Rikskonsertane og er retta mot elevar på mellom- og ungdomssteget. Kommunane må ta ansvar for det praktiske arrangementet, fylkeskommunen det faglege.

Rural Harmony Flash anbefalt av Rikskonsertene

Rural Harmony Flash anbefalt av Rikskonsertene

Trioen Lucky 3 har allerede høstet mange lovord med konserten Rural Harmony Flash, og nå har også Rikskonsertenes programråd for skolekonserter gitt sin tilslutning til DKS Rogalands nyproduksjon. Den uformelle formen omtaler programrådet som "morsom vri å ta konserten ut av konsertsalen, det skaper en upretensiøs atmosfære".

Tilstanden til kunst- og kulturfagene i Norge

Tilstanden til kunst- og kulturfagene i Norge

kunne definitivt vært bedre. Dette kommer fram i en nylig utgitt rapport fra den kjente professoren Anne Bamford. Bamfords rapport ble 24. juni presentert på et seminar i Oslo arrangert av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen.