rogaland

Glimt frå Samspel 2010

Rogaland fylkeskommune ved Den kulturelle skulesekken arrangerte for femte gong Samspel - møteplassen for kunst- og kulturformidling i grunnskulen i Rogaland.

Dei om lag 200 deltakarane var stort sett representantar frå skule og kulturliv i Rogaland. 

Nytt av året var ein spesiell opningsseanse med innslag av dataspel, film, dans og ”body percussion”. Konferansierane på den to dagar lange konferansen var ungdomsskuleelevar frå Randaberg. Dei gjorde ein fantastisk jobb og sjarmerte både publikum og utøvarar. Arrangørane fekk mange lovord om konferansen som inneheldt foredrag, framsyningar av scenekunst, musikk og film, presentasjonar av ulike skulesekkproduksjonar og verkstader i dans og ”body percussion”.
 
Heile programmet kan du lesa her.  
 
 
Opningsseansen var ein kombinasjon av dataspel, film, dans og ”body percussion”.
Det var studentar ved universitetet i Stavanger, avdeling for musikk, dans og drama, som sto for dansinga (bilete 1)
 
Den spanske musikklæraren ved universitetet i Vigo, Susa Herrera (bilete 2), gav publikum ein smakebit av ”body percussion” under opninga. Seinare på dagen leidde ho ein tre timars verkstad i å kommunisera utan ord. Denne metoden legg opp til bruk av fleire sansar og intelligensar i læringsarbeidet. I verkstaden fekk publikum trena på praktiske øvingar.   
 
Konferansens ”vinnarar” var denne gjengen frå Randaberg. Ungdomsskuleelevane Kennet Karlsen, Arve Sem-Henriksen, Kristine Næss, Karoline Nordbø, Oda Goa Berge og Ingolf Harestad, viste i praksis og med ein stor porsjon sjarm kva ein autorisert elevarrangør er for noko (bilete 3). 

 

Frå åpningsseremonien

Frå åpningsseremonien

Susa Herrera

Susa Herrera

Ungdomskuleelevar frå randaberg var konferansierar

Ungdomskuleelevar frå randaberg var konferansierar