rogaland

200 ungdomar klare til fylkesmønstring i Sandnes

Fredag 15. april er årets UKM fylkesmønstring i gang på Vågen vidaregåande skule i Sandnes. Heile helga går med til øvingar, framsyningar, utstillingar og ulike kunstverkstader. Heilt nytt er at nokre av ungdomane skal smykka ut ein vegg i Sandnes sentrum med gatekunst, nokre skal laga lydspor ved hjelp av gamle radioar og elektriske leiketøy, medan ei siste gruppe skal filma det heile. Helga startar sterkt med rockebandet Slutface, som har ein eksklusiv konsert for deltakarane fredag kveld.  

Her finn du meir om UKM - Ung Kultur Møtes.

 

Ung Kultur Møtes 2016

Ung Kultur Møtes 2016