rogaland

Rikskonsertane som ny nasjonal eining for Den kulturelle skulesekken

På ein pressekonferanse 19. august informerte dei to departementa Kultur og Kunnskap om at ei ny nasjonal eining for koordinering av verksmda i DKS er etablert. Det vil seia at det ikkje lenger er Norsk kulturråd som skal vera sekretariat for DKS, men noverande RIkskonsertane. Det vil igjen seia at Rikskonsertane får eit nytt mandat, slik at alle kunstartane vert ivaretekne, og at dei kan henda får eit nytt namn. Omstillinga skal skje i 2016. Samstundes vart DKS styrka med 12 millionar på årets budsjett. Kulturminister Thorhild Widvey og statssekretær Birgitte Jordahl i KD sentralt i biletet.

Endringa kjem som svar på rapporten Det muliges kunst frå ekspertgruppa for kunst og kultur i opplæringa. Turid BIrkeland, direktør i Rikskonsertane, skal leia omstillinga, så kva for konkrete endringar som vil skje, vil koma fram i løpet av 2016. Men KUD og KD har lagt i mandatet at den kunstnariske og formidlingsmessige kvaliteten skal styrkast, det skal utviklast eit betre samarbeid mellom kultur- og skulesektorane, det skal opprettast eit nasjonalt fagråd og den nasjonale eininga skal føra forhandlingar med utøvar- og rettshavarorganisasjonane. Kunnskapsdepartementet ønskjer at det vert så mange 100%-kommunar som råd, og fylkeskommunane er allereie i tildelingsbrevet oppfordra til aktivt å informera kommunane om dette. Heile pressekonferansen og pressemeldinga finn de på www.rikskonsertene.no     

 

Pressekonferanse

Pressekonferanse