rogaland

17 millionar til Rogaland DKS

Kulturdepartementet har fordelt spelemidlane for skuleåret 2016/2017. Rogaland sin del vart 17 253 428 kroner til grunn- og vidaregåande skule. Her kan de lesa fordelingsbrevet som også inneheld viktige føringar for perioden - og litt om kva pengane skal gå til.

Pengane skal brukast til produksjonar i grunn- og vidaregåande skule. Dei kan og brukast til transport av elevar, men ikkje til administrasjon.Kommunane får overført 35% av pengane til lokale produksjonar. Det er eit overordna mål at elevar med nedsett funksjonsevne skal ha lik tilgang som andre til å delta både som publikum og aktive deltakarar. Samiske kunst- og kulturuttrykk og samisk kulturarv skal vera ein ingegrert del av DKS, og det er eit mål å styrka norsk språk generelt - nynorsk spesielt - og forståing for nordiske nabospråk. Dette skal visast att i tilbodet frå DKS.   

 

Over streken

Over streken