rogaland

DKS for første gong i fengsel

Som del av satsinga i vidaregåande skule, har dei innsette ved Åna kretsfengsel fått besøk frå DKS. Det var insette elevar ved Time vidaregåande skule, avdeling Åna, som fekk vera med Terje Torkildsen og Fredrik Brimsø og snakka om språk. Det viste seg å vera ei særs positiv oppleving både frå deltakar- og utøvararsida.