Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
Dei reisande
Produksjonsliste
Program

Dei reisande

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Romanifolket har vore ein del av det norske folket sidan 1500-talet. I ei tid utan internett, radio og TV bar dei med seg både folkemusikk og nye impulsar frå kontinentet, og mange av dei største spelemennene i norsk folkemusikk har vore av romanifolket, eller dei reisande som dei og vert kalla. På same tid vart romanifolket òg utsett for undertrykking og overgrep frå storsamfunnet.

I samarbeid med Haugalandmuseene presenterer DKS Rogaland noko av den lokale historia og kulturen deira.

Heile mellomtrinnet vil få ein konsert med songar frå det norske romanifolkets rike musikktradisjon.

Sjuande klasse vil få eit utvida tilbod i samsvar med deira læreplan. Mange av dei reisande livnærte seg som dyktige handverkarar, og sjuande klasse får òg prøva seg på romanifolkets handverkstradisjonar i lag med formidlaren Elisabeth Ringdal Nilsen, som sjølv er representant for romanifolket i Rogaland. Denne økta vert på ca to skuletimar.

Lærerveiledning

Last ned:

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Produsent: Egil Ovesen og Elin Hetland
  • I samarbeid med: Foreningen GIA
  • Idé/opplegg: Den kulturelle skulesekken i Rogaland i samarbeid med Haugalandmuseene

Om kunstner / utøver / gruppe


Medvirkende

  • Dei reisande-kvartetten
  • Elisabeth Ringdal Nilsen (formidlar)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Dei reisande
Foto: Haugalandmuseene
Kulturarv
Trinn: 5 - 7
Turnéplan: Dei reisande V18
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Konsertdel: Egil Ovesen, egil.ovesen @ rogfk.no, tlf. 51 51 68 86Verkstaddel: Elin Hetland, elin.hetland @ rogfk.no, 51 51 68 79 
Programlengde
40 minutt. 7. klasse får òg ein verkstad. Turnéplan for verskstadene kjem seinare.
Maks publikumsantall
150
Arena / rom
Gymsal eller aula for framsyninga. Klasserom for verkstaden..
Er workshop
Ja
Workshop
7. trinn får ein verkstad der dei får møta Elisabeth Ringdal. Ho fortel om romanifolket på Sør-Vestlandet og har ein verkstad med elevane der dei får prøva seg på tradisjonelt trådarbeid.
Bærehjelp
Me ber om at fire elevar møter musikarane og hjelper til med å bera utstyr 60 minutt før fyrste konsert og 20 minutt etter siste konsert.
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
Sjå lærarrettleiing for meir praktisk og fagleg informasjon.
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune
Produsent:
Egil Ovesen og Elin Hetland
Medvirkende
  • Dei reisande-kvartetten
  • Elisabeth Ringdal Nilsen (formidlar)