rogaland

Aktuelt

No gler vi oss til UKM-festivalen i Sandnes

No gler vi oss til UKM-festivalen i Sandnes

I dagane 21. til 26. juni vert UKM-festivalen arrangert i Sandnes. UKM står for Ung kultur møtest, og er ein festival der ungdom mellom 13 og 20 år skal delta med ulike former for kulturelle innslag. Desse vil gå føre seg i Vågen vidaregåande skule og Sandnes kulturhus. Nytt av året er at alle deltakarane gjennom #UKMBLEND skal setja fart på gater, plassar og parkar i Sandnes med nyskapt kunst - live. Meir om programmet og innhaldet finn du her.

DKS i vidaregåande skule 2017/18

DKS i vidaregåande skule 2017/18

Fristen for påmelding for dei vidaregåande skulane var 10. mai. Det er ny rekord i tal på skular som har meldt seg på, og spreiinga i val av prooduksjonar er så god at det ser ut til at alle kan få det dei har ønskt seg. Skulane får presentert turnéplanen 10. juni. Etter fjorårets suksess med DRONE, er det vel inga overrasking at det er denne som har flest påmelde for neste skuleår. Heile programmet ligg også her.  

Kulturtanken - Den kulturelle skulesekken Noreg

Den kulturelle skulesekken er i endring. Kulturtanken, tidlegare Rikskonsertane, fekk i 2016 det nasjonale ansvaret for ordninga. Frå årsskiftet 2016/2017 er fleire planar under utvikling. Av dei mest konkrete er at skulekonsertordninga vert avvikla. For Rogaland vil det skje frå og med skuleåret 2018/2019. Det er også signalisert ar det vert stilt krav om eigenfinansiering frå kommunar og fylke. Meir om endringar vil koma på www.kulturtanken.no.


Elevane i Strand fekk laga sine eigne draumehus

Elevane i Strand fekk laga sine eigne draumehus

Ved hjelp av ein japansk brennemetode - Raku - har elevane på 6. og 7. trinn i Strand kommune laga draumehus i keramikk. Det er dei to kunstnarane Guri Hovland og Kristine Næss som står bak og har gjennomført opplegget.
 

God rekruttering av elevarrangørar i nordfylket

God rekruttering av elevarrangørar i nordfylket

Om lag nitti elevar frå dei fire kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær og Vindafjord deltok i eit velregissert seminar for elevarrangørar rett før haustferien. I løpet av ein dag kunne dei læra om lyd/lys, å vera konferansier, journalistikk, foto, secenografi og rap. Her er dei uteksaminerte elevarrangørane i dei nye t-skjortene sine. Utøvarar: Gled dykk!   



  test